Mattryggleik – eit politisk ansvar?
Førre veke inviterte Etne Bondelag til stormøte med tema mattryggleik. Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse og Nils T. Bjørke frå Norges Bondelag hadde innlegg før paneldebatten med politikarar frå Frp, H, Sp og Ap.
Etne Bondelag samla både politikarar, forbrukarar og bønder i Skakkesenteret førre veke. Nær 150 personar fylte salen for å høyre adm. dir i Agri Analyse, Christian Anton Smedshaug, leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke og paneldebatt med tittelen "Mattryggleik – eit politisk ansvar?".
Ordføraren i Etne, Sigve Sørheim, både opna møtet og vart kåra til Bondeven. Kåringa kom sjølvsagt med ei oppfordring om å ta meir omsyn til jordvern i kommunen.
I panelet satt Terje Halleland - fylkesvaraordførar i Rogaland (Frp), Marit Arnstad - Stortingsrepresentant og leiar av Næringskomiteen (Sp), Charlotte Spurkeland - Stortingsrepresentant og landbrukspolitisk talskvinne for Høgre og Sveinung Valle - representant på Fylkestinget i Hordaland og gruppeleiar i Ap.
Også Christian Anton Smedshaug vart kåra til Bondeven for sin innsats for landbruket.
Takk til Etne Bondelag for eit flott møte!