Davik/Ålfoten Bondelag har 82 medlemmar og 17 av dei møtte opp når det vart kalla inn til Årsmøte på Dampen i Davik den 3. november. 


Leiar Stein Kåre Karstensen, vart vald til å leie kveldens møte og las opp årsmeldinga. Laget har sendt inn uttale til jordbruksforhandlingane etter gjennomført studiering. Å få til ei innsamling av landbruksplast har vore høgt prioritert. Det vart henta inn pristilbod på transport frå fire hentestadar, prisen var om lag 17 000 kr.  Denne kostnaden vart dekt inn av Bremanger kommune etter søknad frå Bondelaget.  Leiar uttrykte stor takksemd til Bremanger kommune for dette.  Karstensen føyde også til at bøndene er blitt flinkare i sorteringsarbeidet, og at dette er svært viktig for å få levert plasten.  Medlemene tykkjer dette er eit viktig arbeid det er bra styret engasjerer seg i.  Laget var og med på Skogdag med Troda 4H i Langedalen på Davik. Tema for skogdagen var vedproduksjon med opplæring i alt frå bruk av øks til vedmaskin. Dette var kjekt for bønder og ungdomar. - Vi har hatt nokre saker på arbeidsplanen som ikkje har vorte prioriterte i år, så vi har mykje godt å ta til med i kommande arbeidsår, sa leiaren når årsmeldinga var lesen opp.  Frå salen kom det straks eit framlegg til arbeidsplan for neste år som var lik fjorårets. Så no er det studiering med tema jordbruksforhandlingane, fjøsbesøk, fagmøte gjerdehald og eit kurs med aktuelt tema medlemmane kan sjå fram til.  

Nokon av deltakarane på årsmøtet i Davik og Ålfoten Bondelag

Gry Ingvild Agjeld var med frå Fylkesstyret og orienterte om aktuelle saker frå Bondelaget. Det var ein aktiv gjeng som var samla i årsmøtet, og det vart mange gode diskusjonar undervegs. Kostnadsvekst kombinert med ein rekorddårleg vekstsesong merkast godt for bøndene i Davik/Ålfoten. Det er ingen som ønskjer seg ein slik vekstsesong igjen, og det tydleggjer viktigheita av å arbeide med å gjera landbruket meir robust i møte med klimaendringar. Krigen i Ukraina understrekar at matproduksjon i heile landet er viktig,  og ei satsing på kornproduksjon med ein styrking av kanaliseringspolitikken er viktig for landbruket i Bremanger og for sjølvforsyninga i Noreg.

Kjell Leirgulen la fram valnemda sitt arbeid. Heile styret har stilt seg til disposisjon. Stein Kåre Karstensen (Midten) fekk fornya tillit som leiar. Styremedlemmane han får med seg er som i fjor, Brynjar Myklebust, Daniel Hoel, Ole Bjørn Førde og Idar Dombestein. Dei to sistnemnde valde for to nye år.


Det vart servert karbonadesmørbrød med vaflar til dessert, og som alltid på bondelagsmøtene i Davik/Ålfoten, mjølk til drikke.  Vertskapet på Dampen fekk anerkjennande skryt for eit freistande matbord med både lettmjølk og heilmjølk frå Tine sentralt plassert på bordet.