LO Bergen og Omland og NNN (Nærings- og nytelsesarbeiderforbundet) avdeling Hordaland inviterte til halvdagsseminar med fokus på matberedskap i Bergen den 8. september.  Fylkesleiar i Vestland Bondelag; Anders Felde var ein av innleiarane.  HER finn du  Anders Felde si innleiing. 

Rådgjevar i tankesmia Agenda, Axel Fjeldavli presenterte rapporten: Matens rolle i totalberedskapen   Fjeldavli set  også fokus på beredskap i eit lesarinnlegg denne veka. 

Statsråd i Landbruks- og Matdepartementet Sandra Borch deltok  med innlegg via videolink. 

Deltakarane i debatten etter innleiingane f.v. leiar i Vestland Bondelag  Anders Felde, leiar i Åsane Arbeiderparti Even Sørland, representant frå Tine Meierier og rådgjevar i tankesmia Agenda Axel Fjeldavli.

 

Beredskap eit svært viktg og aktuelt tema

På møtet i Bergen vart det sett fokus på matberedskapen.    - Matberedskapen er ein viktig del av totalberedskapen, sa fylkesleiar Felde i Bergen.   Det pågår no eit arbeid med å utgreie totalberedskapen i Norge.  Regjeringa har sett ned ein Totalberedskapskommisjon som skal levere sin rapport i form av ein NOU til Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2023.