Frode Handeland med Gunnar Nagell DahlGunnar Nagell Dahl er Matattaché i Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen. Han er også festivalsjef for Bergen Matfestival; eit flott utstillingsvindauge for norsk matproduksjon.

Bondelaget gir utmerkinga ”Bondeven” til personar som medverkar til å løfte fram matproduksjon og vise kor viktig landbruket er for samfunnet. Gunnar har vore ein flott ambassadør for norsk mat og matproduksjon, så utmerkinga var vel fortent. Prisen vart delt ut i Tyskland under ein fagtur. Nestleiar i Hordaland Bondelag, Frode Handeland, stod for utdeling av diplom, t-skjorte og forkle.

Frode nytta høvet til å takke alle dei tilsette på Landbruksavdelinga for god innsats under Bergen Matfestival. Dei la ned mykje arbeid og møtte utstillarane med godt humør og gode løysingar. Alle får Bondeven-forkle når dei kjem heim frå turen.