Engum tok over garden i 2018.  Han var då berre 26 år og er med det ein av dei yngste bøndene i Vestland.  Tidlegare i september fekk han besøk på garden av mellom andre fylkesleiar Anders Felde og 1. vara til styret i Norges Bondelag Thorleif Muller.   På agendaen stod kunnskapsbygging og dialog kring utfordringane for familiebruket i ei bygd langt vekk frå marknaden.  Arnafjorden ligg i Vik kommune kring 25 km frå kommunesenteret på smal, rasutsett veg.

F.v. Thorleif Muller, 1. vara til styret i Norges Bondelag, Veronika Seim Beck, jordbrukssjef i Vik, Anders Felde, fylkesleiar i Vestland Bondelag og Bjarne Engum.

På garden indst i Arnafjorden er det allsidig drift med kring 20 mjølkekyr, kring 60 vinterfora sau, 12 dekar med bærproduksjon fordelt på bringebær og jordbær og aktiv skogsdrift med hogst av eige tømmer.   Mjølkeproduksjon er basert på drift med haustkalving.  Slik vert også utmarksressursane på bruket nytta og det let seg gjere med produksjon av bær.  Foreldra til Bjarne er aktivt med i drifta og utan dei ville det til dømes vere vanskeleg å kunne handtert bærproduksjonen.

Jordbæra er vidgjetne og vert omsett lokalt medan bringebær vert levert til mottak på Vangsnes; ein tur som tek kring 1,5 t tur/retur kvar dag i sesong for å få levert produkta.   Bringebæra er råvare for produksjon av Tine sin Piano bringebærsaus og som råstoff til Tine sin juice med bringebær frå Sogn.  Økonomien i bærproduksjonen er pressa og jordbrukssjefen i Vik; Veronika Seim Beck er uroa for lønsemda og framtida til produksjonen.  - Det må skje ei fornying i bærnæringa og då må lønsemda betrast, sa ho tydeleg frå om.  Det har ikkje vore tilfelle dei siste åra, då vi har hatt ein skyhøg kostnadsvekst som et av marginane til produsentane. 

Frå vesntre, leiar i Grøntutvalet i vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne, styremedlem i Vestland Bondelag Knut B. Hauso, jordbrukssjef i Vik Veronika Seim Beck, fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde, 1. vara til styret i Norges Bondelag Thorleif Muller og bonde Bjarne Engum.

Det er dette landbruk i heile landet handlar om

Fylkesleiar Anders Felde hadde sjølv aldri vore til Arnafjorden og han vart imponert og inspirert i møte med den jordnære og dyktige bonden.  - Det er dette slagordet om landbruk i heile landet handlar om, sa ein tydeleg Felde.  Å legge til rette for at arealressursane vert tekne i bruk til matproduksjon også i bygder som Arnafjorden.  Lukkast vi ikkje med det, kan vi ikkje lenger snakke om matproduksjon basert på ressursar i heile landet, sa Felde. 

Fjellet ligg nært til garden.  Sommaren 2021 har det vore rekordlåg nedbør, noko den vasslause elva viser.

Gardsbesøket vart avsluttta med ein god prat på låven kring nydeleg bringebærpai.  Tusen takk for kunnskapen de delte, den gode praten og gjestfridomen.