-Er det to yrkesgrupper me treng her i landet, så er det bønder og lærarar, seier Fysioterapeut Hans Atle Svenheim. Han er kåra til Bondeven for framsnakking av landbruket. Han arrangerar mellom anna busstur rundt på Radøy der han legg inn besøk hjå lokale firma og i ein fjøs.

Hans Atle Svenheim

Hella skulestove ved Steinar og Helen Vågenes er kåra til Bondevener for bruk av kortreist og norsk mat. Dei serverar mellom anna raspeballe middag fyrste torsdagen i månaden.

Hella skulestove ved Steinar og Helen Vågenes

Jannicke Stølan eig garnbutikken Jannicke's hjemmekos. Ho er opptatt av å bruka norsk ull og kjøper garn hjå norske produsentar som Hillesvåg og Dale.

Jannicke Stølan og leiar i Manger Bondelag, Kari H. Kvammen

Eli Nes er skulekjøkken lærarinne på Radøy Ungdomsskule. Kvar haust tar skulen inn eit lam som elevane parterer og brukar på kjøkkenet. Eli er oppteken av å bruka trygge og gode råvarer.

Eli Nes og Kari Heggens Kvammen

Geir Smith hjå Smith's møte- og selskapslokale vart også kåra til Bondeven. Geir og kona driv selskapslokalet i tillegg til å vera mjelkebønder. Geir lagar all mat i frå grunnen av og brukar så mykje kortreist mat han kan, inkludert viltkjøt.

Geir Smith

Tekst og bilete: Kari Heggens Kvammen, Leiar i Manger Bondelag