Må rette fokuset framover
- Årsmøtet i Norges Bondelag om 14 dagar vert eit viktig møte for å drøfte framtida for landbruket, seier Per Hilleren i ein kommentar til at utsendingane frå Sogn og Fjordane møtest i Førde i dag.
- Eg håpar flest mogleg vil fokusere på framtida og dei politiske løysingane framover, held fylkesleiaren fram. Vi har vore gjennom eit brot i årets jordbruksforhandlingar og er midt oppe i ein svært alvorleg situasjon for norsk matproduksjon. Innteninga i næringa er for svak til å sikre rekrutteringa inn i framtida og det verkar som politikarane er meir opptekne av vakre ord enn av å gje den nye landbruks- og matmeldinga eit reelt økonomisk innhald, held Hilleren fram. Utfordringa for oss som utsendingar i årsmøtet vert å løfte blikket og sjå framover på moglege løysingar for norsk landbruk. Utan endring og eit synleg løft vil utviklinga berre halde fram med stadig færre einingar og etterkvart også ein stadig mindre matproduksjon basert på norske ressursar.