Lyst til å bli medlem i Bondelaget?
Her finn du informasjon om korleis du kan bli ein del av laget.
YNSKJER FLEIRE MED PÅ LAGET: Nils Magne Gjengedal. Han er 1.vara til styret i Vestland Bondelag. I tillegg er han leiar i verveutvalet til Vestland Bondelag.
- Bondelaget er ein veldig god organisasjon å vere medlem i, seier Gjengedal.
Norges Bondelag arbeider mellom anna med å betre villkåra for landbruket, auka sjølvforsyninga og er ein part i dei årlege jordbruksoppgjera.
- Ein er med på å forme kvardagen til norske bønder. Som medlem blir ein del av ein fantastisk gjeng. I Bondelaget kan ein seie meininga si, og på den måten vere med på å påverke. Matproduksjonen er det viktigaste me har.
Ynskjer alle velkomne
- Ja, her får alle vere med. Bønder, grunneigarar og alle som ynskjer å støtte norsk landbruk.
Gjengedal fortel at alle er velkomne som medlem.
- Saman er me sterke. Framtida treng oss.
Korleis bli ein del av laget?
- Bruk elektronisk innmeldingsskjema, eller last ned innmeldingsskjema.
- Ta kontakt med Vestland Bondelag på vestland@bondelaget.no eller på 57837080.