Luke 3
No kan du opne luke tre i julekalenderen vår.
Endeleg kan me sjå kven som gøymer seg bak luke tre i kalenderen vår, og i kveld møter me Frank Sanchez Guddal på Matstova AS i Oppstryn. Han har det veldig travelt før jul, men tykkjer det er kjekt å ha mykje å gjere.
I oktober vann Matstova AS Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin Bedriftsutviklingspris for landbruket 2017, det var både overraskande og motiverande for Guddal.