Lisensjakta på jerv kan starte i dag
- Rovviltnemnda vedtok i møte 30. august ein kvote på 5 jerv i Region 1. Den geografiske grensa er oppheva i Sogn og Fjordane slik at jerv no kan jaktast i heile fylket. Lisensjakta er frå 10.09.2012 – 15.02.2013.
Lisensjegarar kan vende seg til Jegerregisteret for å få lisens. Det er eit mål å auke talet på jerv som blir felt under lisensjakta, men erfaring tilseier at dette ikkje er noko enkle oppgåve, seier Marit Flatjord som er nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. Vi vil nok også denne sesongen vere avhengig av at Statens Naturoppsyn får i oppdrag å ta ut jerv i førekant av beitesesongen 2013, men det er viktg at det også vert gjennomført ordinær jakt gjennom lisensjakta.
Heile Sogn og Fjordane er eit beiteprioritert området, og då er det viktig at tiltaka vert sett inn mot rovviltet i tråd med Stortingsforliket om rovviltpolitikken frå 2011, avsluttar Flatjord.