Tysnes Bondelag er eitt av dei mindre lokallaga i Vestland med 37 medlemer, og held til som einaste lokallag i Tysnes kommune kring 90 minutt reisetid sør for Bergen.

Lokallaget er opptekne av å få til ein betre dialog med kommunen kring planar som legg band på mykje godt jordbruksareal i kommunen.  Det vedkjem både kommunale arealplanar og plan om utbygging av ny E39.  Kommunen  ynskjer dialog med Bondelaget på korleis overskotsmassar skal handterast.  Mellom anna vert det drøfta om det er mogleg å etablere ein jordbank.  Lokallaget jobbar no med å få på plass eit møte i samarbeid med fleire aktørar i Tysnes, der tema skal vere jorda er ein ressurs. 

Det vart i årsmøtet i lokallaget også gjeve noko oppdatering på kva som skjer med biogassanlegget på Stord, som skal vere i drift med gassproduksjon frå nyttår.  Det er medlemer i Tysnes Bondelag som har avtale om å levere gjødsel til anlegget.  Gasnor har kjøpt femti prosent av aksjane i anlegget på Stord. 

Andre tema som vart tekne opp i årsmøtet var engasjement inn mot barnehage og skule, investeringsverkemidlar og framtida til lokallaget.  - Ikkje berre geografien i fylket som er mangfaldig, men også tema i eit heilt vanleg årsmøte i eitt av våre 75 lokale Bondelag avsluttar Gry Ingvild Agjeld som hadde ein triveleg kveld på Mandelhuset, eit kort steinkast frå ferjekaia på Tysnes. 

Kasserar Per Ingolf Økland t.v. og leiar Leif Magne Hovland t.h. har i tillegg med seg Inge Malkenes, Ole Langeland og Per Vermedal i styret i Tysnes Bondelag.  Olav Teigland er 1. vara.