Omvikdalen Bondelag er eitt av fem lokale Bondelaglag i Kvinnherad kommune.  Dei fire andre er Halsnøy, Uskedalen, Varaldsøy og Ølve og Hatlestrand.  Kvinnherad er ein av dei større landbrukskommunane i Vestland.

Årsmøtet vart gjennomført den 31. oktober.  Årsmeldinga synte at det hadde vore eit godt arbeidsår.  Av aktivitetar laget har hatt ansvar for sist år kan vi nemne:

  • Føremiddagsmåltid med ordførar og varaordførar før jordbruksoppgjeret
  • Aktive i arbeid med å sikre kompetanse på landbrukskontoret i kommunen
  • Synlege i media i viktige saker for landbruket i bygda
  • Sist, MEN ikkje minst arrangerte lokallaget ein vellukka Open Gard der mange tok turen til bygda.

Lars Peter Taule tok turen innom møtet etter først å ha delteke i årsmøtet i Uskedalen Bondelag.  Han orienterte dei frammøtte om Gryttenutvalet sin rapport.   

Noko alvorstyngd forsamling drøftar Gryttenutvalet

Leiarskifte

Leiar i valnemnda; Sigurd Hatteberg takkar Øyvind Sandvik for jobben som leiar i 3 år.

So glad kan ein verte når ein takkar for seg og når ein startar sitt verv.  F.v. Øyvind Sandvik og Johannes Hjelmeland