Leiar i Norges Bondelag kjem til leiarmøtet
- Det er kjekt at både leiar Lars Petter Bartnes og påtroppande fungerande Generalsekretær Sigrid Hjørnegård tek turen til leiarmøtet i Førde komande torsdag og fredag, seier fylkesleiar Anders Felde. Leiarmøtet vert skipa til saman med Hordaland Bondelag.
Kring 100 tillitsvalde frå lokallaga og fylkeslaga i dei to fylka skal møtast til felles leiarmøte i Førde komande torsdag og fredag. Der ventar eit rikhaldig program med mange spanande tema og innleiarar.
I tillegg til leiinga sentralt i Bondelaget vert det innleiingar både frå påtroppande avdelingsdirektør for landbruk i region Vestland, Christian Rekkedal og noverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling. Regiondirektøren i Mattilsynet Ole Fjetland skal innleie under tittelen Mattilsynet i møte med bonden.
Hovudtema elles er klima og organisasjonsprosessen. Korleis vil Vestland påverke organiseringa av Norges Bondelag i framtida og korleis vil tiltak for å redusere klimagassutsleppa påverke bonden sin kvardag på den einskilde gard?
Her finn du programmet for årets leiarsamling