NORGES BONDELAG søker Klimakoordinator Vestland (75-100 % prosjektstilling)

I 2019 signerte bondeorganisasjonane og regjeringa ein intensjonsavtale om reduksjon av klimagassar og auka opptak av karbon i jordbruket. Partane forpliktar seg til å redusere jordbrukets samla klimagassutslepp med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar frå 2021 til 2030.

Hausten 2020 tok Partnarskapen i Vestland initiativ til eit treårig klimaprosjekt for vestlandsjordbruket. Forprosjektet går mot slutten og ein søkjer etter klimakoordinator.

Klimakoordinatoren skal, med bakgrunn i Landbrukets Klimaplan, koordinere klimaarbeidet i landbruket som rettar seg mot bonden og gardsdrifta. Klimakoordinatoren skal få fart på arbeidet med kursing og rådgjeving innafor klima. Klimakoordinatoren må ha tett dialog med landbrukssamvirka og dei andre organisasjonane i landbruket.  Søkjaren må evne å kommunisere med næringa på ein måte som motiverer bonden til å betre produksjonen sin og samstundes ta kloke klimagrep. Klimakoordinatoren skal arbeide tett med både faglag, forvalting og bønder, ha nettverk og ynskje om å kople innovative bønder med dei rette instansar.  Søkjaren skal syte for at utviklinga av til dømes klimakalkulatoren er tilpassa vestlandsjordbruket sine utfordringar.

Vi søkjer deg som har erfaring frå praktisk gardsdrift, kunnskap om klimaarbeidet i landbruket, gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg og som har evne til å motivere og byggje relasjonar med bøndene. Du må kunne arbeide sjølvstendig og levere resultat. Det er ein fordel med eit bredt kontaktnett innan landbruksnæringa.

Stillinga er ei prosjektstilling, støtta av Vestland Fylkeskommune og Statsforvalteren i Vestland.

Kontorstad: Vestland Bondelag sitt kontor i Førde eller Bergen.

Prosjektperioden er i utgangspunktet frå 1.11.2021 til 31.12.2022. Prosjektet blir evaluert etter eitt år, med intensjon om forlenging i ytterlegare eitt til to år.

Vi tilbyr godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig løn.

Nærmare opplysningar om stillinga ved organisasjonssjef Lars Peter Taule, mobil: 908 58 555 eller personalsjef Catharina B. Andersen, mobil: 905 15 151.

Søknad med CV sender du innan 3. september 2021, til Norges Bondelag: stilling@bondelaget.no