Lær deg kuvettreglane
- I sommar skal både folk og fe ut og nyte naturen. For å unngå konfliktar og ulykker er det viktig å tenke gjennom korleis vi som er turgåarar opptrer i møte med storfe.
Dette er kuvettreglane
- 1. Hald avstand og gå utanom.
- 2. Ikkje gå mellom dyra. torfe kan bli pågåande og skape farlege situasjonar.
- 3. Ikkje gå bort til kalven, kua kan gå til angrep for å beskytte den.
- 4. Hald hunden i band, men slepp den dersom kyrne kjem imot deg.
- 5. Kjem kuflokken mot deg. Trekk deg roleg attende
- 6. Viss du opnar ei grind - Lat ho att etter deg.
Les også: Erstatningsansvar for skader forårsaka av dyr på beite.
Kuvettreglane skal først og fremst vere til hjelp for turgåarar som ikkje er vant til å omgåast storfe, men det kan også vere greit for andre å kjenne til at dei er utarbeidd.
Du kan tinge laminert plakat i nettbutikken til Bondelaget eller du kan laste den ned her