Langt frå skoddeheimen :)
- Gaular Bondelag er ikkje i nærleiken av å vere så skoddelagde som det kan sjå ut til på biletet ler fotografen Nils Magne Gjengedal. Tvert imot !
Det var svært kjekt å vere med på årsmøtet i Gaular Bondelag på Tønna. Godt oppmøte med god spreiing mellom yngre engasjerte og eldre engasjerte bønder, held Gjengedal fram. Medlemene i laget har mellom anna delteke på lokal fotballturnering, dei har gjennomført gardsbesøk for 8. klassingane i Gaular, vore med og skipa til Open gard på Mo, lagt til rette for innsamling av landbruksplast og gjennomført bondekafe. Ei god blanding av fag, rekruttering og sosialt arbeid slik det skal vere i lokallaga våre.
Styret i Gaular Bondelag: Leiar Margun Myrmel Øren, Audun Bringeland, Britt Siri L. Haugen, Leif Jarle Bjørviik, Kjell Fauske og Nils Arve Styve.
- So er da berre ein ting å seie til sist, fotograf Gjengedal skal skjerpe seg!