Landbrukssamvirke og Bondelaget på klassebesøk
Temaet var landbruk, verdiskaping og framtidige moglegheiter til jobb då 9. klassingane i Naustdal fekk besøk frå Bondelaget og bedrifter innan landbrukssamvirke.
Klassebesøket er ein del av prosjektet "Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane". Dei same elevane har tidlegare vore ute på gardsbesøk i Naustdal, men tysdag 15. mars var turen komen til at representantar frå landbruksnæringa kom til klasserommet.
I starten var alle 9. klassingane samla, og dei fekk høyre om landbruket i Sogn og Fjordane og korleis landbrukssamvirket spelar ei rolle for både bonde og forbrukar. Etter fellesøkta vart elevne delte i tre grupper som rullerte rundt på foredrag frå Tine, Nortura og Felleskjøpet.