Landbruksministeren kjem til fylket
Måndag den 18. mars kjem landbruks- og Matminister Trygve Slagsvold Vedum til Sogn og Fjordane. Han skal først møte bønder i Luster før turen går vidare til meieriet på Byrkjelo og samdriftsbesøk i Jølster. Du kan møte han på ope møte på Skei Hotel klokka 19:00.
Det er dei lokale senterpartilaga i Luster, Gloppen og Jølster som har invitert han til fylket og som har ansvar for programmet for dagen.
På det landbrukspolitiske møtet på Skei Hotel klokka 19:00 er alle velkomne til å lytte til kva ministeren har å seie og til å stille han spørsmål. Det vert også ein pause med enkel servering på dette møtet. Nytt høvet til å kome med dine synspunkt like før jordbruksforhandlingane tek til.