Landbruket må gå aktivt inn og legge premissane for klimatiltaka
- Det er viktig at vi i næringa er aktive i diskusjonen og er med og påverkar kva klimapolitikk som skal bli ført, sa Frøydis Haugen på årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag i Sogndal
Haugen er 2. nestleiar i Norges Bondelag. Ho start innleiiga si til årsmøtet med å minne om følgjande viktige ord frå Paris avtala: “…vi må bedre evnen til å møte negative klimakonsekvenser og kutte klimagassutslippene på en måte som ikke truer matproduksjonen.“
Landbruket må tilpasse seg eit endra klima med meir nedbør og mindre føreseieelege driftsvilkår. Forsking - og utvikling vil vere avgjerande både for å kunne gjere klimatilpassingar og for å kunne få ned utsleppa, sa ei tydleg Haugen. Det kan vere 3 måtar å redusere utsleppa på:
* Redusere produksjonen
* Endre samansetnaden av produksjonen - ete mindre raudt kjøt til dømes
* Optimalisere produksjonen
Norges Bondelag meiner at det siste alternativet er den einaste farbare vegen. Ein må få kartlagt utsleppa på det einskilde bruk for deretter å sjå kva som kan gjerast for å optimalisere produksjonen med tanke på minst mogleg klimaavtrykk. - Kan høyrest lett ut, men det er ikkje tvil om at dette kan bli vanskeleg og ta tid, held Haugen fram. - Det er likevel heilt avgjerande at næringa sjølv er med og legg premissane og ikkje overlet det til styresmaktene, avslutta Frøydis Haugen.