Sigrid Hjørnegård er ein av mange innleiarar på Landbrukshelga i Førde i regi av landbrukssamvirke Vest.  Totalt 250 deltakarar er samla til to fullpakka dagar med fokus på landbrukspolitikk, marknad, framtid og ikkje minst god prat og sosialt samver. 

Matproduksjon i beredskapsperspektiv

Beredskap har fått eit sterkare fokus i det norske politikkbiletet.  Som innleiarar og debattantar hadde arrangørane henta inn styreleiar i Felleskjøpet og medlem i Totalberedskapskommisjonen: Anne Jødahl Skuterud, generalsekretær i Norges Bondelag; Sigrid Hjørnegård, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Tor Jacob Solberg og Stortingsrepresentant Aleksander Øren Heen (Sp)

Det siste året har det kome to viktige dokument som peikar på norsk matproduksjon si rolle i beredskapen:

Totalberedskapskommisjonen: Nå er det alvor - Rustet for en bedre framdrift

Riksrevisjonen: Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet

Desse dokumenta er offentlege i ei tid der mange kjenner på utryggleik i ei uroleg verd.  Det er eit auka fokus på beredskap og viktigheita av ein oppegåande norsk matproduksjon frå fleire enn landbruksnæringa sjølv.   Dette må etterkvart materialiserast i ei betra inntekt for den norske bonden.   Utan inntekt, ingen beredskap og ingen eigen matproduksjon i Norge kunne dei 4 innleiarane samlast om.   - I ei tid då vi rustar opp det norske forsvaret må vi også ruste opp norsk matproduksjon, avslutta Hjørnegård som:  Inviterte til felles innspel om totalberedskap

Anne Jødahl Skuterud t.v. og Sigrid Hjørnegård t.h.

Tor Jacob Solberg t.v. og Aleksander Øren Heen t.h.

Etter innleiingane var det tid til ein sofaprat kring ulike tema med spørsmål frå salen

 

Tidlegare fylkesleiar i Vestland Bondelag Anders Felde (t.h.) har vore leiar i arrangementskomiteen. Med seg på laget har han hatt f.v. Arne Undheim, Nortura, Atle Roset, Felleskjøpet, Rolf Daniel Midttun, Tine, Kari Sigrun Lysne, Grøntnæringa og Anders Sigstad, Landkreditt. Geir Totland og Birgitte Sunde Bjaanes frå Vestland Bondelag har også vore med i komiteen, men var opptatt med andre oppgåver då bildet vart tatt.