Kvoteordninga er avgjerande for å kunne produsere mjølk i heile landet
- Eg ser på kvoteordninga for mjølk som ein av dei beste reiskapane vi har for å kunne oppretthalde mjølkeproduksjonen og eit aktivt jordbruk i heile landet, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Nils Magne Gjengedal.
Gjennom kvoteordninga sikrar vi ein geografisk fordeling av mjølkeproduksjonen. Vi ser allereie med dagens regionar at mjølkeproduksjonen styrker seg i klyngjer med gode produsentmiljø. - Eg fryktar at ei opning for større regionar vil flytte mjølkevolumet og gje ei endå sterkare sentralisering av produksjonen i regionen, held Gjengedal fram. Det vil gje meir areal som går ut av produksjon i nokon området, og ein svært sterk kamp om arealet i andre område. Det er uheldig!
Den norske landbruksmodellen med sin rike verktykasse er ei suksesshistorie om korleis ein kan klare å legge til rette for verdiskaping i heile landet. - Eg bur sjølv på ein stad litt utanom allfarveg. På ein stad der norsk landbrukspolitikk gjer det mogleg å bu og produsere mat til mange menneske, held Gjengedal fram. Kvoteordninga for mjølk er ein av mange viktige reiskapar i ei total løysing.
- Den nye jordbruksmeldinga gjer meg uroa for framtida, då regjeringa i kapittel etter kapittel angrip verktykassen vår, seier Gjengedal. Kapittel 10 i meldinga omhandlar marknadsbalansering som kvoteordninga er ein del av.
- Summen av alle dei endringane som regjeringa kjem med framlegg om i kapittel 10, vil vere dramastisk for distriktsbonden. Mange verkty vert rustne og fleire verkty vert fjerna. - Alle som har praktisk erfaring vil då raskt forstå at ikkje alle oppdrag, på vegne av det norske samfunnet, kan bli utført like godt som før, avsluttar Gjengedal