Kva synst folk om Open Gard på Mo?
Me spurte nokon av dei som hadde teke turen.
- Me gleda oss veldig til å besøke Open Gard. Guten min har sett fram til å køyre traktor.
Katarina Eftevand og familien kosa seg på gardsbesøket, med traktorkøyring og god mat.
- Dette er supert, sjå berre på alle folka som er her. Me har det verkeleg bra.
- Ein viktig dag
- I dag har eg sett litt av alt, det er kjekt å vera her.
Kristina Støfring er sjølv oppvaksen på gard, og ho meinar Open Gard er eit godt tiltak.
- Det er viktig å ha dagar som dette. Det gjer folk sjansen til å oppleve og læra litt om landbruket.
- Freistar til gjentaking
- Dette er fantastisk. Det er kjekt at det blir arrangert Open Gard, slik at småbarnsfamiliar kan kome og sjå på gardsliv.
Kristy Ledene fortel at ho aldri ar vore på Open Gard før, men at det gav meirsmak.
- I dag har eg kjøpt ferske grønnsaker. Dessutan var det kjekt å sjå dottera mi ri på hest for fyrste gong. Dersom det blir nytt arrangement neste år, kjem me. Dette var supert.
Vil du sjå bilder frå dagen? Då kan du klikke her.