Målgruppa for kurset er dei som skal overta ein gard. Kurset kan også vere nyttig dersom du ikkje har ein gård å overta, men vil vite meir om prosessen. Andre dag av kurset inviterer vi også den eldre generasjonen til å delta. Denne dagen er det fokus på eigarskifte.

Fredag startar kurset med Agro Hordaland; ein møteplass for bønder. Tema i år er «Våtare og villare framtid».

Stad: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli, Bergen.

Program:

Fredag 3. november:

10:00 – 16:00  Agro Hordaland
17:00               Samling for deltakarane på Unge bønder-kurset
19:30               Middag og sosialt samvær

Laurdag 4. november:

09:00 - 14:00  Kurs i eigarskifte v/ Anders Bjørnsen, Norges Bondelag.

Tema
Hovudtema på kurset er generasjonsskifte og regelverk (Arveloven og Odelsloven), arv/odel formueforhold mellom ektefeller/sambuarar og skatt ved sal. Etteroppgjer, meirverdiavgift, selskapsrett kan også vere aktuelt å ta opp.

Tema kan variere etter kva situasjon deltakarane er i.

Deltakaravgift
Både Agro Hordaland og Hordaland Bondelag sponsar deltakarar under 35 år, men for å få den lavaste prisen, må du vere medlem i Bondelaget. Seniorar og andre som bare vil delta på laurdag, betalar kostpris for møte og lunsj.

                 Pr. person i dobbeltrom (under 35 år): 1.880,-
                 Pr. person i dobbeltrom, medlem i Bondelaget (under 35 år) : 800,-
                 Pr. person deltakar på kurset laurdag, utan overnatting, inkl. lunsj: 600,-

                      

Påmelding til hordaland@bondelaget.no innan 16. oktober.