Kurs for nye og unge bønder
Hordaland Bondelag inviterer nye og unge bønder til kurs i Bergen 3.-4. november. Denne gongen er tema eigarskifte. Deltakarane får også høve til å delta på Agro Hordaland.
Målgruppa for kurset er dei som skal overta ein gard. Kurset kan også vere nyttig dersom du ikkje har ein gård å overta, men vil vite meir om prosessen. Andre dag av kurset inviterer vi også den eldre generasjonen til å delta. Denne dagen er det fokus på eigarskifte.
Fredag startar kurset med Agro Hordaland; ein møteplass for bønder. Tema i år er «Våtare og villare framtid».
Stad: Quality Hotel Edvard Grieg, Sandsli, Bergen.
Program:
Fredag 3. november:
10:00 – 16:00 Agro Hordaland
17:00 Samling for deltakarane på Unge bønder-kurset
19:30 Middag og sosialt samvær
Laurdag 4. november:
09:00 - 14:00 Kurs i eigarskifte v/ Anders Bjørnsen, Norges Bondelag.
Tema
Hovudtema på kurset er generasjonsskifte og regelverk (Arveloven og Odelsloven), arv/odel formueforhold mellom ektefeller/sambuarar og skatt ved sal. Etteroppgjer, meirverdiavgift, selskapsrett kan også vere aktuelt å ta opp.
Tema kan variere etter kva situasjon deltakarane er i.
Deltakaravgift
Både Agro Hordaland og Hordaland Bondelag sponsar deltakarar under 35 år, men for å få den lavaste prisen, må du vere medlem i Bondelaget. Seniorar og andre som bare vil delta på laurdag, betalar kostpris for møte og lunsj.
Pr. person i dobbeltrom (under 35 år): 1.880,-
Pr. person i dobbeltrom, medlem i Bondelaget (under 35 år) : 800,-
Pr. person deltakar på kurset laurdag, utan overnatting, inkl. lunsj: 600,-
Påmelding til hordaland@bondelaget.no innan 16. oktober.