Kurs for nye Inn på tunet tilbydarar
IPT Norge SA og Norsk Landbruksrådgiving inviterer til kurs for nye IPT-tilbydarar 7.-8. mars på Scandic Hell i Stjørdal. Kurset passar også for deg som tenker på å starte med IPT.
Kurset vil gi fagleg påfyll og «verktøy i kassa», i tillegg til nettverk med andre Inn på tunet tilbydarar. Kurset er over 2 dagar på Scandic Hell, Stjørdal i Trøndelag torsdag 7. og fredag 8. mars. Det vertfelles middag på Scandic Hell første kurskveld.
Du finn meir informasjon på nettsida til Inn på tunet SA: Korleis bli Inn på tunet-tilbydar.
Dersom du tenker på å starte opp med Inn på tunet, kan det passe å ta den nettbaserte "Inn på tunet- skolen". Det er eit kompetanseprogram utvikla av Norges Bondelag i samarbeid med Stiftelsen Norsk Mat, Innlandet fylkeskommune og Høgskolen i Innlandet. Nettressursane skal bidra til å gi ein grunnleggande forståelse av kva Inn på tunet er, kva for mogelegheiter det kan gi og kva som må til for å etablere ein verksemd.