Det er ein alvorleg situasjon i landbruket, noko brotet i jordbruksforhandlingane synte i vår.  Landbruket opplever i tillegg ein kraftig kostnadsvekst.  Medan kostnadane aukar, står mange bønder framfor store investeringar når mellom anna kravet om lausdrift for storfe kjem.

Etterslepet på investeringar er enormt, og mange gjev opp drifta fordi dei ikkje ser at det er mogeleg å investere i nye fjøs. Ein investeringspakke som blir gjeldande allereie frå 2022 vil vere eit tydeleg signal om at det er vilje til ein spreidd matproduksjon i heile landet, seier Anders Felde.  

Skal vi kunne sjå beitande dyr i framtida må det vere ein økonomi i husdyrproduksjonen som gjer det mogleg med fornying av bygningar på små og mellomstore bruk.  Både innan mjølkeproduksjonen og kjøtproduksjonen på sau og storfe. 

Tøff økonomisk situasjon

Inntektene til bonden har nærmast stått på staden kvil dei siste åtte åra, samtidig som næringa opplever kostnadsvekst. Næringa står no ved eit vegskilje.

Ap, Sp og SV sonderer no om eit mogeleg regjeringssamarbeid. Alle  dei tre partia har i valkampen gjeve løfter til landbruket om retningsskifte og auka inntekter.  Det er klare forventningar om at ei ny regjering kjem i gang med tiltak for utvikling og styrking av økonomien i landbruksnæringa umiddelbart.  No skal  gode ord gjerast om til handling seier Felde.

Dette er landbrukspakken som må på plass i haust:

  1. Forpliktande opptrappingsplan med solid løft av inntektene i jordbruksforhandlingane våren 2022 for å starte jobben med å komme på nivå med andre grupper.
  1. Kompensasjon av kraftig kostnadsvekst i tilleggsforhandlingar. Kostnadene har ete opp forventa inntektsauke Stortinget la til grunn då dei vedtok jordbruksoppgjeret i juni.
  1. Auka investeringsmidlar for å få med mindre og mellomstore gardsbruk i distrikta i ein naudsynt omstilling, og greie å ha eit landbruk på linje med i dag.