Krav om lausdrift engasjerer
- At det møtte opp over 200 personar på mjølkemøtet på Skei sist veke syner kor viktig saka om krav til lausdrift i mjølkeproduksjonen er for fylket vårt, seier fylkesleiar Anders Felde
Det er ikkje tvil om at med dagens investeringstakt så kjem vi ikkje i mål til 2024. Da trengst mykje meir pengar til investeringar, og det vil vere trong for mykje meir pengar inn i kvart prosjekt. - Da tener ingen å bygge om til lausdrift for så å vere gjeldsslave resten av sitt liv. At kvart einskild prosjekt har økonomisk bærekraft vil vere heilt avgjerande, held Felde fram.
Sjølv utfordra Felde forsamlinga til å tenkje høgt noko fram i tid på kva som må til for å sikre økonomien på bruk mellom 19 og 30 mjølkekyr. - Eg fekk noko pepar for å ta opp dette til diskusjon frå produsentar med færre enn 19 kyr, men om vi ikkje torer å tenkje høgt og diskutere så kjem vi ingen veg, seier Felde. Fylkesleiaren ynskjer debatt på tema og oppmodar gjerne medlemer med meiningar om dette til å kontakte han for ein prat. Mjølkeproduksjonen står for 58 % av verdiskapinga frå landbruket i fylket, så det må ikkje vere tvil om at den utfordringa vi ser fram mot 2024 vil vere avgjerande å finne ei løysinga på. - Å sikre investeringar og driftsøkonomi på mindre og mellomstore bruk vil vere svært avgjerande for fylket om vi skal klare å oppretthalde volumet i framtida, held Felde fram, og han ynskjer ein god debatt med konstruktive innspel på korleis vi skal klare å få til det med avgrensa politisk godvilje på vår side.
På sidene til Fylkesmannen finn du alle innleiingane på temadagen. Mykje spanande å lese som du finn ved å trykke her.