PÅ GARDSBESØK: Første post for dagen var gardsbesøk i Sundsdalen hjå Ingeborg og Per Ravndal. Dei har ammekyr og sau.

 

- Eg syns dette har vore ein veldig god dag, seier Anders Felde.

Leiaren i Vestland Bondelag var med på arrangementet i Sunnfjord, og er imponert over gardsbruket han akkurat besøkte.

- Per og Ingeborg er veldig flinke folk, og dei syner at bonden i Sundsdalen verkeleg er på.

Felde forklarar at før stortingsvalet 13. sepetember har Vestland Bondelag invitert politikarar frå valregion Sogn og Fjordane og valregion Hordaland til å vere med på ulike temadagar. Fokus er viktige tema for landbruksnæringa i fylket.

 

Tydeleg bodskap til politikarane

FRÅ VENSTRE: Tore Storehaug (KrF), Leif Jarle Espedal (Ap), Geir Oldeide (Raudt), Erling Sande (Sp) og Marius Dalin (MDG),  Rune Hegrenes (Sp) og Alfred Bjørlo (Venstre).

 

- Inntekta i norsk landbruk må opp, og det hastar, seier Felde.

Han håpar politikarane fekk med seg mogelegheitene landbruket har til å utnytte grasressursane på plassar som Sundsdalen.

- Politikarane gav gode tilbakemeldingar, det tek eg med meg.

 

Nytt gardsbesøk

FLINKE FOLK: Arve Tefre og sonen.

 

- Etter me hadde vore i Sundsdalen reiste me på gardsbesøk til Arve Tefre.

På dette bruket vert det i dag produsert mjølk, storfekjøt og svinekjøt.

Under gardsbesøket hadde både Jo Helge Sunde (Storfeprosjektet) og Jogeir Agjeld (Norsk Landbruksrådgivning) innlegg.

- Eg er godt nøgd med dagen, og eg håpar politikarane fekk litt å tenke på avsluttar Fede.

 

Du kan sjå heile programmet for dagen her.