Kor norsk er maten?
"Kor norsk er eigentleg norsk mat?" var tilttelen på ein debatt arrangert av Spire Bergen førre veke. Nestleiar Frode Handeland deltok som debattant.
Det var godt oppmøte til debatten, og Spire måtte bytte til eit større lokale for å huse alle deltakarane. Panelet bestod av Nina Sundquist, administrerande direktør i Matmerk, Ida Johannessen, styremedlem i Bergen Miljøpartiet de grønne, Petter Nilsen frå Unge Høgre og bystyrerepresentant, samt vår eigen Frode Handeland. Alle heldt eit kort innlegg før debatten.
Leiar i Spire Bergen, Marikken Wullf Wathne, heldt også eit kort foredrag om konsekvensene av norsk soyaimport. Spire lanserte tidlegare i år ein rapport om emnet, kalt Soyalandet.
- Vi produserar ikkje nok proteinrike råvare i Norge til å dekke behovet til ei ku med ytelse på 9 -10 000 liter, sa Frode Handeland. -I dag er løysinga å importere desse råvarane, som soya. I lengden er ikkje det berekraftig.
Frode sa vidare at det norske landbruket har vore gjennom ei kraftig effektivisering, og intensiv drift og klimaendringar utfordrar allereie i dag berekraften. Fleire av bøndene tredoblar mjølkeproduksjonen, då dei må ha fullt fjøs og høg avdrått for å få økonomien til å gå rundt. Som bedriftseigar er det bondens ansvar å drive lønnsamt, og ho eller han vil tilpasse seg dei rammevilkåra som gjeld verksemda til einkvar tid.
- Kva om vi går i motsatt retning? Kanskje kua skal produsere mindre mjølk, då får vi fleire kyr som produserar same mengde mjølk, fleire kalvar og høgare kjøttproduksjon – med totalt mindre bruk av importert kraftfôr.
-Vi i landbruket arbeider for ein berekraftig auke av norsk mat produsert på norske ressursar. Då må vi auke norsk kornproduksjon og den norske delen i kraftfôret i husdyrproduksjon, avslutta Frode.
Spire er ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet.