Alvavoll er styreleiar i Ullensvang Fruktlager, og driv sjølv både med produksjon av konsumeple og produksjon av sider og eplesaft.  Sideren og safta sel han og familien frå eigen gard.  Slik kan produksjon av konsumeple og produksjon av "flytande eple" utfylle kvarandre og gje bonden fleire føter å stå på.  Gjennom samspel mellom ulik bruk av epla vert også risikoen i drifta redusert.   Alvavoll var svært tydeleg på at skal vi lukkast med dei flytande produkta må vi ha konsumproduksjon i botnen.  Kunnskapen som vert utvikla gjennom årvisse avlingar med kjempegode konsumeple er også grunnlaget for å kunne lukkast med den flytande produksjonen.  Kunnskapen om korleis ein gjennom produksjonsteknikkar, sortsval og stell gjennom året kan sikre årvisse gode avlingar, slik at vi til dømes ikkje får ein "anankvart år" produksjon. 

Konsentrert og lyttande til Alvavoll sitt innlegg:  F.v. Kari Sigrun Lysne, styremedlem i vestland Bondelag, Magnus Opedal bonde i Ullensvang, Harald Alvavoll, Knut Byrkjenes Hauso, styremedlem i vestland Bondelag, Thorleif Muller 1. vara til styret i Norges Bondelag, Anders Felde styreleiar i Vestland Bondelag og Torbjørn Børve som er leiar i Ullensvang Hagebrukslag

Det er avgjerande at vi ikkje lagar store motsetnader mellom epleprodusenten med fokus på konsumeple av høg kvalitet og siderproduksjon.  Ei industrialisering av siderproduksjonen med til dels motsettande interesser mellom epleprodusenten og siderprodusenten kan svekke både siderproduksjonen og konsumepleproduksjonen på sikt, meinte Alvavoll. 

Kunnskap og samarbeid er nøkkel for å kunne auke verdiskapinga i epleproduksjonen

Samarbeid gjennom fruktlager og dialog og samarbeid mellom produsentmiljøa er viktig og avgjerande for å kunne auke verdiskapinga frå fruktproduksjonen i Hardanger.  Harald Alvavoll var tydeleg på kor viktig samspel og dialog er. 

Takk til Harald Alvavoll for engasjement og deling av kunnskap og tankar.  Var nok fleire av oss som fekk ein del å tenkje på etter innlegget.

 

Før besøket hos Harald Alvavoll hadde Magnus Opedal teke med gjengen ned bakkane i eit nytt morellefelt like ovanfor Ullensvang kyrkje.  Takk for kunnskapen du delte Magnus Opedal.  Spanande satsing som vert gjort i samarbeid mellom fleire produsentar.