Knut Tore takka for seg som leiar Eid Bondelag
Etter 8 år som lokallagsleiar vart Knut Tore Nes Hjelle takka av på årsmøtet i Eid Bondelag tidlegare denne månaden. - Det står respekt av den jobben du har gjort sa, fylkesleiar Anders Felde til Nes Hjelle.
- Du har vore ein sjeldant engasjert og kreativ lokallagsleiar. Akekveldar og skeiseløp har vore gjennomført i lokallaget med Nes Hejlle som leiar. Scenebygging på Malakoff Rockfesitval har sikra god økonomi i lokallaget med høve til ulike fellesturar. I tillegg har du alltid medverka til at fylkeslaget har støtta opp om fylkesarrangement og landsdekkande aksjonar, sa Felde.
Helge Melheim tek over som lokallagsleiar og Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer han lukke til med vervet som leiar. Han tek over eit godt drive lokallag.
Her kan du lese meir om leiarskiftet i Eid Bondelag
Knut Tore Nes Hjelle gjorde så god jobb i lokallaget at dei i 2012 vart kåra til årets lokallag i Norges Bondelag. Her Knut Tore saman med ordførar i årsmøtet Odd Christian Stenerud.