Klimakalkulatoren for sau er framleis ein pilotversjon, men no har Norsk landbruksrådgiving Vest hatt sin første klimarådgjeving .med handlingsplan for sau. Helena Elvatun og Leif Trygve Berge besøkte Brødskreppa gard og ga gode råd om klimasmart drift til Lene Vangberg Monsen. Lene er leiar i prosjektet KimaVest (Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket). Som pådrivar for at bøndene i Vestland skal logge seg på klimakalkulatoren og søkje klimarådgjeving, var Lene glad for å kunne få rådgjeving på eigen gard. 

Eit besøk frå rådgjevarane inneheld haldvurdering av sau, gjennomgang av surfôrprøve, grovfôrproduksjonen og saueproduksjonen. Helena Elvatun gjekk gjennom tala som er innrapportert i klimakalkulatoren, og fant fram til tiltak som kan redusere klimautsleppa på gardsnivå.

Klimatiltaka som vart diskutert med Lene var kalking basert på jordprøvar, utkøyring av husdyrgjødsel med stripespreiar og enkle konkrete tiltak i sauedrifta. Dei fleste klimatiltak handlar om forbetring av drifta, som igjen kan føre til betre økonomi.

Kostnaden med klimarådgjeving får ein dekka gjennom RMP-midlane.

Klimarådgjeving er ikkje farleg, det styrkjer kunnskapsnivået og er positivt for både drifta, lommeboka og klima, var Lenes konklusjon etter besøket.

Her kan du lese meir om korleis du får klimarådgjeving.