Ola Stene frå Felleskjøpet AgriFelleskjøpet Agri og Hordaland inviterte i går til ope møte om klimasmart matproduksjon. Korn- og kraftfôrpolitikken har vore mykje diskutert i det siste, og media har fokusert på palmeolje. Norges største leverandør av kraftfôr til landbruket, Felleskjøpet Agri, har bekrefta at dei bruker palmitinsyre i kraftfôret.

Palmitinsyre er eit biprodukt av palmeoljeutvinning. Felleskjøpet ønskjer å fase ut denne bruken, og prøver å finne alternative kjelder til vegetabilsk fett i kraftfôr.

Palmitinsyre gir høg yting
Ola Stene, fagsjef i Felleskjøpet Agri, gav tilhørarane ei god innføring i kjemien i vomma til kua, og forklarte at høgtytande kyr treng oljeprodukt som palmitinsyre. Dette er naudsynt for at kua skal kunne mjølke mykje og til same tid ha ein høg fettprosent i mjølka. Dersom vi ikkje finn ein fullgod erstatning for palmitinsyre, vil årsproduksjonen per ku bli mindre og vi må ha fleire kyr.

-Er dagens utvikling av norsk matproduksjon berekraftig? var eit av spørsmåla frå salen. Konklusjonen vart vel at berekraftig var det truleg ikkje. Det er mange grunnar til at utviklinga går som den går, men dette må takast opp til ein brei debatt.

Landbruksjord går tapt kvart år
”Blir det korn nok til alle” var temaet adm. dir i Norske Felleskjøp, Lars Fredrik Stuve snakka om. Han  synte tydeleg dei store utfordringane med å skaffe mat til verdas aukande befolkning. -På verdsbasis ser vi stor effektivisering og produksjonsauke som starta med den ”grøne revolusjonen” på 70-talet. Dette hadde sin topp tidleg på 90-talet, og etter den tid har mykje jordbruksland gått ut av produksjon, sa Stuve.

- Når dette blir sett i samanheng med vassmangelen mange stader i verda, så er utviklinga urovekkande. Erfaring syner at mange land ønskjer å sikre eigen befolkning først og innfører eksportforbod når det er utsikter til nasjonal mangel.

Regjeringa vil «arbeide for en høyest mulig selvforsyning av mat av beredskapshensyn». -For å nå dette målet er det naudsynt med ein politikk der areal egna for kornproduksjon brukast til å produsere korn, sa Stuve. -Det vil sikre auka matproduksjon og reell sjølvforsyning av mat, samstundes som  husdyrproduksjonen i distrikta kan utnytte grasresursane.

Les meir om palmeolje i fôret på www.felleskjøpet.no

Lars Fredrik Stuve, adm. dir i Norske Felleskjøp