- Eg har trua på vi kan levere på klimaavtalen ved å optimalisere det vi allereie gjer på garden. Bodhild Fjelltveit, 2. nestleiar i Norges Bondelag.

Bodhild og mannen Arne driv med sau og grovfôrproduksjon i Bergen, og har nyleg hatt besøk av to klimarådgjevarar frå Norsk Landbruksrådgiving Vest. Lene leiar prosjektet «Redusert klimaavtrykk frå vestlandsjordbruket», og er interessert i å høyre kva Bodhild fekk ut av klimarådgjevinga.

- Både Arne og eg lærte mykje, seier Bodhild. Klimarådgjeving handlar om optimalisering av gardsdrifta. Rådgjevarane kan sjå kor det er potensiale for betre drift og hjelpe med å prioritere tiltaka. Det vert utarbeida ein klimahandlingsplan som kartlegg styrker og svakheiter i drifta og konkretiserer tiltak. Konklusjonen var at vi skal halde fram med det vi gjer, men kanskje endre litt på rekkefølga.

Fjeltveit gard med utsikt til fjellbeitet

Kva for klimatiltak har de med i handlingsplanen?

Vi fekk med oss fleire gode tips om grøfting, kalking, gjødsling og beiteplanlegging. Vi har hatt utfordringar med vårbeitene og litt liten tilvekst på våren. Vi treng meir fôr, og fekk råd om korleis vi kan auke avlinga. Det er viktig å nytte dei resursane vi har, så i år prøver vi å utnytte sommarbeitet betre. Vi har sloppe ein tredjedel av saueflokken tidlegare til fjells for å sjå om det gir betre resultat.

Betre grovfôr er eit viktig klimatiltak

Kva med drenering og gjødsling?

- Det er mykje nedbør på Fjelltveit og vi har for mykje vatn i beitet. I tillegg har vi kjøpt nabogarden, som har vore nytta til beite for hestar i 20 år. Grøfting er difor noko vi må ta tak i. Når det gjeld gjødsling, har vi kjøpt ein gamal stripespreiar i lag med ein nabo, og vi har fått hjelp av landbruksrådgivinga til å lage ein god gjødselplan. Når lamminga kjem på same tid som våronna, kan det likevel vere vanskeleg å få ut husdyrgjødsla i tide. Eit av klimaråda var difor å gjødsle med kunstgjødsel først for å få betre tilvekst på vårbeitet.

Gjødsling med stripespreiar

Kvifor bestemte du deg for å få klimarådgjeving?

- Du får gode råd om drifta di som gir betre økonomi og betre kvardag for bonde og dyr. Rådgjevinga får du dekka gjennom regionalt miljøtilskot. Dersom vi skal levere på klimaavtalen med staten må vi gjere noko på gardsnivå. Klimakalkulatoren skal vere med å dokumentere kva eg gjer på min gard og vise at næringa gjer noko med klimautfordringane. I framtida vil det nok kome meir krav om dokumentasjon, så det er lurt å vere i forkant.  

Her kan du sjå litt av samtalen mellom Lene og Bodhild.