Vestland Bondelag er glade for at vi endeleg kan invitere til fysisk samling for alle lokallagsleiarane våra. Vi håpar at så mange som mogleg har høve til å møte opp, spesielt då dette blir får første fysiske samling som Vestland Bondelag. Det vil vere eit godt høve for å verte kjent på tvers av gamle fylkesgrenser.

Lokallagsarbeid og kommunikasjon

Svært mange lag og organisasjonar har opplevd at aktiviteten og medlemstal har gått ned i tida med pandemi og nedstenging. I leiarsamlinga vil vi difor fokusere ein del på organisasjonsarbeid og korleis komme i gang med aktiviteten igjen no som samfunnet opnar opp att. Målet vårt er at de skal reise heimatt med ei rekke nye idear og inspirasjon til aktivitetar for medlemene i laga deka. Kommunikasjon vert òg eit viktig tema, og vi har fått med oss ein influensar som skal få prøve å «influense» oss til å nå ut til omverda på ein betre måte.

Vi vil høyre spørsmåla dine

Minst like viktig er det politiske klimaet vi står i og framtida til Vestlandsbonden. Dag ein vert det opna opp for spørsmål og diskusjon kring viktige tema for Vestland Bondelag og Norges Bondelag. Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming vil saman med fylkesleiar Anders Felde svare på spørsmål. Dag to vert det fokus på politikk og inntekt. Her får vi innleiingar frå Solveig Bratteng Rønning frå Tine og Jan Erik Fløtre frå Nortura, før vi opnar opp for diskusjon kring temaet inntekt. Etter to dagar med gode innlegg og viktige tema sit ein fort att med eit spørsmål eller to ein ikkje fekk stilt. Vi avsluttar difor dag to med Fredagspanelet. Her sit Anders Felde og Bjørn Gimming klare for å svare ut det som måtte vere av spørsmål. Du kan sende inn spørsmål på førehand eller stille dei direkte i salen.

Det er høve til å komme dagen før samlinga, det vert lagt opp til felles middag. Lokallaga har fått invitasjon på e-post.

Påmeldingsfrist er 29. oktober.

Her kan du sjå programmet.