Marte Mjøs Persen er ordførar i Bergen, leiar av Vestland Arbeiderparti og medlem i sentralstyret i Arbeiderpartiet. Ho tok sjølv initiativ til eit gardsbesøk for å få meir kunnskap om landbruk generelt og mjølkeproduksjon spesielt. Politikarar er travle folk, så det passa bra å ha gardsbesøket på Stend vgs. Stend er eit stort og viktig gardsbruk i Bergen, og ein av fire skular i Vestland med linje for grøn utdanning.

Nestleiar i Vestland Bondelag, Marianne Nordhus, tok i mot ordføraren og fylkessekretær i AP, Stig Morten Frøiland. - Det er veldig kjekt at Marte er så interressert, seier Marianne. Det at ho er så nyskjerrig på landbruket at ho vil vere med å sjå korleis det som vert vedteke inne på kontora fungerar ute i praksis, er eit eksempel til etterfølgelse!

Leiar i Bergen Bondelag og mjølkeprodusent Eivind Myrdal var også med på møtet. Eivind har 16 kyr i ein fjøs som er bygd om til lausdrift. Det er ikkje så mange mjølkebruk igjen i Bergen, og Eivind og Stend vgs leverer til saman halvparten av mjølkemengda i Bergen!

Politikarane fekk omvising i fjøset på Stend av rektor Magnus Vaktskjold og gardsstyrar Robert Dalland. Marianne snakka om utfordringane for mjølkeprodukskjonen i Vestland, mellom anna kravet om eigne fødebingar i 2024 og lausdrift frå 2034. Eit viktig bodskap i møtet, var at landbruket er ei politisk næring, og at politikarane har eit ansvar. Mjøs Persen var einig i at den norske modellen for landbruk er best. Andre tema var dyrevelferd, økonomi, importvern, arbeidskraft og klimaavtrykk.

Marianne Nordhus, Marte Mjøs Persen, Robert Dalland, Stig Morten Frøiland og Eivind Myrdal