Kari Sigrun Lysne med fornya tillit i Norges Bondelag sitt Grøntutval
- Eg er glad for å få sitje i Grøntutvalet sentralt i to nye år, seier styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Kari Sigrun Lysne.
- Det er viktig at Vestland har ei så tydeleg, dyktig og engasjert kvinne i Grøntutvalet sentralt, seier styreleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag. Vilkåra for å produsere frukt, bær, poteter og grønsaker er svært ulike i vårt langstrakte land. Difor er det viktig med tydelege stemmer frå heile landet i utvalet. Stemmer som tenkjer framover på vegne av medlemene i ulike deler av landet. Det er til dømes viktig at verkemiddelbruken også vert lagt til rette for ein auka grøtproduksjon i Vestland. Lukke til Kari Sigrun ! Vi heiar på deg :)
Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag og medlem i Norges Bondelag sitt Grøntutval, Kari Sigrun Lysne frå Lærdal.