Kari Sigrun held fram i Grøntutvalet i Norges Bondelag
- Eg er klar for å gjere ein god jobb i 2 nye år i Grøntutvalet i Norges Bondelag, seier styremedlem i Vestland Bondelag Kari Sigrun Lysne
Det er styret i Norges Bondelag som kvart år nemner opp medlemer til 3 faste utval;
- Grøntutval
- Kornutval
- Miljø- og berekraftsutval
I tillegg til Kari Sigrun Lysne som er oppnemnd som medlem i Grøntutvalet fram til 2024 sit nestleiar i Vestland Bondelag Marianne Nordhus som medlem i Miljø- og berekraftsutvalet. Ho vart oppnemnd i 2021 og er oppnemnd til 2023.
Felles mandat for alle dei faste utvala er slik:
- Rådgjevande organ for styret og sekretariatet
- Skal på sjølvstendig grunnlag reise og utgreie spørsmål innan sitt mandat
- Skal halde seg oppdatert og godt orientert om situasjonen i næringa og på saksfeltet dei representerer
- Skal handsame saker som oversendes fra styret eller generalsekretæren
- Skal gje ei fråsegn i førekant av jordbruksforhandlingane
- Rapportering til styret skjer gjennom protokollar frå møta i utvala, eventuelt gjennom saker som vert sendt over til styret
- Saker fremmast for styret ved vanleg saksbehandling gjennom generalsekretæren
- Møter så ofte utvalget sjølv eller styret finn det naudsynt innan dei rammer som styret fastset (budsjetter, arbeidskraft).