Kan verte årets unge bonde
Jørn Arne Vanberg frå Gloppen kommune er nominert.
Jørn Arne Vanberg (26) frå Gloppen kommune kan verte årets unge bonde.
- Det er kjekt å vera nominert, fortel han.
Den unge bonden driv med mellom anna geiter og sau.
- Gamlingen vurderte å gje seg med garden, difor vart eg spurt om å pakte garden eit år. Etter året var gått, ville eg drive garden vidare.
Har du angra på det?
- Nei, ikkje ein dag
Treng stemmer
For å vinne den gjeve tittelen, treng Vanberg stemmer.
- Det hadde vore kjekt om ein geitebonde kunne blitt årets unge bonde.
Kor viktig er det å vinne?
- vinn eg, så vinn eg.
Ynskjer du meir informasjon, klikk på linken nedanfor: