Kan ikkje leve av å vere "maskot" for heile landbruksnæringa
- Vi er berre kring 250 geitmjølkprodusentar att i Norge, men vi kan ikkje leve av å verte sett på som "søte maskotar" for heile norsk landbruk. Vi må ha inntekt og avsetning for produkta vår til liks med andre matprodusentar, sa leiar i Luster Bondelag Andreas Wiese då han møtte styret i Vestland Bondelag.
Styret i Vestland Bondelag inviterer representantar frå ulike produksjonar til å innleie i styret. Tidlegare har både gris og sau vore tema. I dagens styremøte i Sogndal var turen komen til geita. Andreas Wiese bur i Skjolden i Luster der han mellom anna har 80 mjølkegeiter. Han er oppteken av korleis vi skal klare å ivareta mangfaldet i norsk landbruk og produksjonar over heile landet. Det vart ei levande meiningsutveksling kring geitemjølkproduksjon, geografi og struktur i styremøtet.
Andreas Wiese innleier til diskusjon