Styret i Vestland Bondelag inviterer representantar frå ulike produksjonar til å innleie i styret.  Tidlegare har både gris og sau vore tema.  I dagens styremøte i Sogndal var turen komen til geita.   Andreas Wiese bur i Skjolden i Luster der han mellom anna har 80 mjølkegeiter.    Han er oppteken av korleis vi skal klare å ivareta mangfaldet i norsk landbruk og produksjonar over heile landet.   Det vart ei levande meiningsutveksling kring geitemjølkproduksjon, geografi og struktur i styremøtet. 

Andreas Wiese innleier til diskusjon