- Kan forsvarast
Fylkesleiaren er passeleg nøgd, etter at Norges Bondelag søndag inngjekk avtale med staten i jordbruksoppgjeret.
- Det er ingen god avtale, men den kan forsvarast.
Det seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde. Han meinar avtalen er akseptabel.
- Me har mellom anna fått snudd minus 70 millionar på budsjettet til pluss 100.
Det betyr at budsettoverføringane vert auka med 100 millioner kroner, som er 170 millionar meir enn i staten sitt tilbod.
Opptur for dei små
Eit av måla før jordbruksoppgjeret var å jamne ut inntektforskjellen mellom dei små og store bruka.
- Eg er glad for at avtalen kjem dei små til gode, og at dei vil tjene på til dømes mjølkekyr.
Kva saknar du i avtalen?
- Det er fleire ting. Mellom anna likte eg ikkje at distriktstilskotet på egg var halvert.
- Ikkje meir å hente
Felde hadde håpa på ein bedre avtale, men trur ikkje det hadde vore så mykje meir å hente.
- Eg er ganske sikker på at det ikkje hadde vore noko meir å hente i Stortinget. Hadde det vore det, hadde me sikkert brote forhandlingane.