- Jordbruksavtalen skapar tryggleik
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er blitt samde med staten om ein jordbruksavtale for 2021.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Grunna koronakrisa vart det ikkje vanlege jordbruksforhandlingar i år, seier Anders Felde.
Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at dette også var bakgrunnen for at avtalen ikkje gav inntektsvekst for bøndene.
- Sidan det ikkje låg klart eit ordinært grunnlagsmateriale med kostnads- og inntektsutvikling for jordbruket, vart forhandlingane forenkla.
Lyspunkt i avtalen
-Frukt, grønt og korn er prioritert i avtalen. Distriktstilskotet på frukt, bær og grønsaker aukar i våre områder, seier leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag.
Felde fortel at jordbruket også har klart å løfte prisen på svin med knapt 1,50 kroner. Dei forenkla forhandlingane har omfatta færre tema enn normalt, og det har ikkje blitt diskutert ny politikk eller nye verkemidlar i dette oppgjeret. I avtalen er det fordelt ei budsjettramme på 350 mill.kr, og satt nye målprisar på cirka 300. Grunna bruken av prisnedskrivingsmidlar vil ikkje dei norske fôr-råvarene bidra til ein auka kraftfôrpris.
- Eg ynskjer også å legge til at mjølkeprisen ikkje vert heva, men driftstilskot vert heva med knapt 6000 kroner. Det er også løyvt pengar til utmarksbeite, avløysartilskot og veterinær-reiser.
Ønska seg meir budsjettpengar til grasområde
- Vi kunne gjerne ønska oss meir budsjettpengar til grasområda, og nye grep i norsk landbrukspolitikk. Men grunna den særskilte situasjonen landet står i, var ikkje det mogeleg i år.
Felde fortel at krisepakkar som fylgje av korona/svak norsk krone ikkje var ein del av forhandlingane. Det punktet må ein kome tilbake til.
- Eg meiner avtalen skapar forutsigbarheit for matproduksjonen det komande året, avsluttar han.