Jondal Bondelag vil arrangere Open Gard i 2023
- Eg er so glad for at Jondal Bondelag har sett gjennomføring av Open Gard på arbeidsplanen for 2023, seier Kjersti Hjelmeland som representerte fylkeslaget i årsmøtet deira denne veka.
Lokallaget hadde lagt årsmøtet til den gamle formannsskapssalen i Jondal. Jondal er no ein del av Ullensvang kommune. Jondal Bondelag er eit av fylkeslaget sine mindre lag med 37 medlemer.
Kjersti Hjelmeland melder attende om eit godt årsmøte i Jondal. Det var gode diskusjonar kring Gryttenutvalet sin rapport , og korleis den kan kome landbruket til gode i åra framover, sjølv med regjeringsskifte. Kvar skal bøndene forventa å få inntekta si frå. Er det mogleg å ta ut meir pris i markedet? Det var også ei tydelege meiningsutveksling kring dagens kvoteordning. Altfor mykje pengar forsvinn ut av næringa.
OPEN GARD
Det var ei tydeleg Kjersti Hjelmeland som motiverte årsmøtet til å setje Open Gard på arbeidsplanen. - Det er mange flotte og gode løer som er fine å visa fram, sa ei engasjert Kjersti. Jondal Bondelag skal og prøva å få til eit samarbeid med barnehagen om norsk mat "prosjekt " samt inviterar skulen ut på gardsbesøk!
Frå årsmøtet i Jondal Bondelag
Styret held fram
- Leiar: Knut B. Flatabø
- Nestleiar: Helge Arne Espeland
- Styremedlemer: Hans Olav Flatebø Gausvik, Brynjar Joakimsen og Hans Sigvart Galtung
Triveleg kveld
Kjersti Hjelmeland konkluderer med å ha hatt ein flott og kjekk kveld med gode diskusjonar saman med medlemene i Jondal.