Jo Helge Sunde tildelt Genoentusiastprisen for 2012
- Det er vel ikkje det at eg kan so mykje meir om avl enn andre som gjer at eg har fått denne prisen, sa Jo helge Sunde i ein kommentar til at han laurdag fekk utdelt Genoentusiastprisen for 2012
Det er vel heller engasjementet mitt for å halde oppe mjølkeproduksjonen som eit grunnlag for tal mjølkekyr, og med det legge grunnlag for å kunne ha ein populasjon å avle på som har medverka trur Sunde. Sunde har gjennom sitt arbeid i mjølkeprosjektet sidan 2003 arbeidd målretta for å legge til rette for fornying av driftsapparatet på bmjølkeproduksjonsbruka i Sogn og Fjordane og seinare også Sunnmøre. Sunde var takksam for at han i mange år hadde fått halde på med det som interesserte han. Ikkje minst ville han takke alle dei engasjerte bøndene som ser framtid i næringa og vil vere med inn i framtida. Det er ikkje kvart års at representantar frå Sogn og Fjordane vert tildelt landsdekkande prisar så det var ein tydeleg stolt prisvinnar som kunne ta imot prisen frå styremedlem Torill Midtkandal i Geno.
Her kan du lese heile grunngjevinga for tildeling av prisen til Jo Helge Sunde