Jervebestanden må reduserast
- Beitenæringa kan ikkje leva med ein bestand på jerv som nærmar seg det doble av kva som er Stortinget sin målsetnad seier styremedlem i Vestland Bondelag Ole Bjarne Hovland
Stortinget har fastsett eit bestandsmål på 39 ynglingar. Om vi tek gjennomsnittet av dei siste tre åra er yngletalet 61. Dette vert stadfesta på Miljødirektoratet sine sider.
- Dette er ikkje haldbart seier Hovland. I Vestland merkar vi den altfor store bestanden gjennom DNA- analysene som syner eit stort tal jervetisper i Indre Sogn, Skjåk og Lom. Jerven ser ikkje fylkesgrensene og brukar begge sider av grensa. Når jerven er i Innlandet er den i rovviltprioritert område. Når den er i Sogn er den i beiteprioritert område.
- Skal me kunne halde fram med utmarksbeiting i den flotte fjellheimen i Indre Sogn må det rett og slett skytast jerv no i vår slik at bestanden vert redusert, seier ein svært tydeleg styremedlem i Vestland Bondelag. Miljødirektoratet må gje sin utøvande etat SNO i oppdrag å gjere naudsynte uttak. Det krevst snø for at det skal kunne skje. Snø og gode sporingstilhøve er ferskvare. - Me har ikkje tid til å vente til årets hiregistreringar er gjennomført. - Me har meir enn gode nok tal som syner den store bestanden i gjennomsnittstala for dei tre siste åra.
Her kan du følgje hiregistreringa i 2021