Jens Kihl kjem til leiarmøtet
Jens Kihl kjem til leiarmøtet på Thon Hotel Jølster torsdag 14.november.
På torsdag 14.november får vi besøk av Jens Kihl på leiarmøtet på Thon Hotel Jølster. Kihl skal ta tilhøyrarane gjennom temaet "korleis kan distriktskommunane i Vestland komme styrka ut av regionreforma/kommunereforma - sett i lys av valet 2019?".
Jens Kihl er oppvaksen i Ullevål Hageby i Oslo, og er ein norsk journalist og målmann. Kihl var leiar i Norsk Målungdom i perioden 2007 - 2009 og har tidlegare vore politisk aktiv med mellom anna lokalpolitiske verv, som tilsett i SV, samt vore medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. I 2017 vann Jens Kihl Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for sin bruk av nynorsk i Klassekampen. Frå hausten 2018 har han jobba i Bergens Tidende som politisk kommentator og dekkar i hovudsak det politiske biletet innanriks.
Kihl er for tida aktuell med boka "Dette er også Noreg - kommunal feelgood", ei bok der han tek føre seg kommunesamanslåingane i Noreg. Kihl har reist på kryss og tvers i landet for å finne svar på spørsmålet om kommunereforma er i ferd med å rasere det som er bra med landet vårt, eller om det er vegen å gå for å sikre gode lokalsamfunn for framtida?
Vi gler oss!