Jamn og god lammesesong
- Så langt har vi hatt ein god og jamnt travel lammesesong utan dei typiske toppane, fortel Eivind Fonn ved Nortura Førde.
Dei fleste dyra har blitt sanka heim frå beite og på Nortura i Førde er sesongarbeidarane og tilsette i full sving med å ta unna slaktelamba. Innan utgangen av veke 40 reknar dei med å ha hatt ca 60 000 dyr gjennom anlegget. Sesongen kjem til å vare til ut i midten av november.
- Sesongen i år har vore noko annleis enn tidlegare år, då vi har hatt eit mykje jamnare trykk. Tidlegare år har det pleidd å toppe seg med leverte dyr i veke 37-39, men i år har det vore mykje jamnare, seier fabrikksjef Eivind Fonn då vi ringjer han for å høyre korleis sesongen har vore så langt.
Årsakene til dette kan vere mange, men Fonn nemner blant anna veret i september som ei årsak. - Enkelte plassar i fylket har det vore dårleg ver og vanskelege sankeforhold så det er nok ikkje alle som har fått dyra heim endå. Andre igjen har ikkje hatt optimale beiteforhold og vel å halde tilbake dyra lenger, seier Fonn. - Vi ser òg at det blir meir vanleg å drive med "plukkslakting", altså å plukke ut dei slakteklare lamba og sende dei først for så å fôre opp dei som ligg litt etter og sende dei seinare.
Korleis er kvaliteten så langt i sesongen?
- Når ein ser på gjennomsnittet, leverar bøndene i fylket like godt som dei alltid gjer. Vekt, kjøttkvaliteten og fettprosenten ligg på same nivået som tidlegare år. Vi ser at det er ein reduksjon i volum i år, så vi håpar å få solgt mest mogleg og ha god balanse i marknaden i år, seier Fonn.
Kva er din favorittrett med lammekjøt?
- Dei siste åra har eg blitt meir og meir glad i fårikål. Det var ikkje favoritten då eg var ung, men no står det oftare og oftare på middagsbordet, seier Fonn.
Sauesanking i fjella over Årdal.