Interessert i fornybar energi?
I ei tid med høge straumprisar tenkjer nok stadig fleire på moglegheiter for å produsere eigen straum. På Norges Vel sine sider kan du møte bønder og fagpersonar som deler sine erfaringar som energiprodusentar på ulikt vis
Norges Vel har akkurat avslutta eit prosjekt støtta av Landbruksdirektoratet, der dei har prata med bønder om deira erfaringar med lokal straumproduksjon, og med fagfolk om interessante tema innan fornybar energi.
Resultatet er ei nettside der alle intervjua er samla - som skrevne artiklar, eller som podcastar.
Ta deg ein tur innom denne sida og sjå kva erfaringar som vert delt