Det er ei kjennsgjerning at vi vert færre og færre bønder. Det tyder på at bøndene truleg også vert meir og meir einsame – for nettverket har vorte mindre på veldig mange vis. Risikoen for dårleg husdyrhald er større enn tidlegare, mellom anna fordi økonomien i næringa har vorte tøffare. Vi har vel alle fått med oss dyretragediane som har prega mediebiletet dei siste åra.

Dyretragediar skal ikkje skje, men i eit samfunn vil det alltid kunna skje feil. Då gjeld det å fanga det opp så fort som mogleg, for dyretragediar, så vel som mennesketragediar
skjer fort.

Vi kan ha fokus på psykisk helse og HMS i form av møter og liknande, men treff vi dei som treng det?

Det er positivt at det vert satsa på dyrvern og dyrevelferd, men å opprette Dyrepoliti er eit slag, meir eller mindre i lause lufta for å forhindre nye dyretragedier i landbuket. Behovet ligg i førebygging, ja, men kan vi som bønder sjølve ta ansvar for å unngå slike katastrofer?
Og kanskje eit enno meir legitimt spørsmål å spørra: Kan vi som bønder la være å ta ansvar?
Kan eg ta ansvar for meg, og ikkje minst også for naboen?

Hordaland Bondelag har arbeidd ei tid med denne problemstillinga: Korleis kan vi ta ansvar? For vi har faktisk ikkje råd til å stå på sidelinja lenger!

Kva med å få til ei ordning der vi i næringa forpliktar oss til å inngå ein avtale med naboen,  ein ven, eit familiemedlem. Ein skriftleg avtale som inneber eitt besøk, t.d. i månaden, der ein tek ein kaffikopp saman, pratar om laust og fast – men eit besøk innom fjøsdøra er ”påbudt”.  Kontrollfunksjonen går ikkje på klauvstell, antal dyr per kvadratmeter, båsmatter, men å sjå til at dyra har mat og vatn. At eg som bonde ikkje sluttar å stelle dyra mine.

Ved å signera ein avtale forpliktar eg meg til å opne fjøsdøra t.d. annakvar søndag. Eg gir òg vedkomande  fullmakt til å ta grep dersom eg hamnar i ein situasjon der eg ikkje lenger steller dyra mine slik eg skal. Hovudmålet er å verna dyra, men også bonden.

Eg kjem til å inngå ein slik avtale. Eg vil forplikta meg. Ikkje fordi eg treng det i dag, men fordi, kan hende er det eg som treng denne avtalen om ti år. Og kan hende er det ikkje berre eg som skulle fått til ein slik avtale i løpet av denne sumaren? Nokon må vere fyrst. Førebilete er vi alle.